Om Midtnes Hotel

Midtnes Hotel ligg sentralt i Balestrand, like ved den engelske kyrkja, med panoramautsikt over Sognefjorden.
61*12'24'N / 06*32'10'Ø
Hotellet har 55 senger, og held god standard. Alle gjesteromma ligg i den  nyare delen. Her kan du bu i ein koseleg atmosfære. Me har robåtar til disposisjon, kanskje ynskjer du å leige syklar, eller å nytte oss som utgangspunkt for utflukter til fjord og fjell?

Hotellet  har ein lun og heimekoseleg atmosfære. Alle romma har dusj og toalett og ein stor del har også balkong. Midtnes Hotel har fleire koselege salongar, peisestove med TV, dart, biljard, solterasse med ein storslagen pano-ramautsikt over Sognefjorden og eigen brygge med badeplass og robåt for utlån. Sykklar kan leigast på TURISTKONTORET.

Med dagsturar kan ein frå Midtnes Hotel nå dei fleste turistmåla langs Sognefjorden og i distrikta rundt. Til dømes til breane i Fjærland, dei mange stavkyrkjene i distriketet, eller berre ein avslappane fisketur på Sognefjorden. Nevnast kan og fotturar i fjellet etter merka stiar.

Jon og Anne Britt

ynskjer deg velkomen